– Den nynorsken Ivar Aasen skapte, er blitt eit nasjonalspråk. Som eit mindre brukt språk treng nynorsken å bli løfta politisk, og det må vere eit mål for språkpolitikken at fleire skal halde på og velje å skrive nynorsk, seier leiar Marit Aakre Tennø i Noregs Mållag. Ho er svært glad for at Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum til 200-årsdagen for Ivar Aasen legg fram ei erklæring i 21 punkt om nynorskpolitikk for det 21. hundreåret.
– Nynorsk er eit meir robust skriftspråk enn nokon gong, og den språklege toleransen i Noreg er større enn før. Det er eit godt utgangspunkt for å utvide bruksområdet for nynorsk, seier styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum. – Ivar Aasen tenkte store tankar og la grunnlaget for at Noreg blei eit språkpolitisk moderne land. 200-årsdagen hans bør brukast til å løfte blikket og vise ein framtidsretta språkpolitikk, seier Sandal.
– Språkpolitikken må sjå lenger enn til språket
– Nynorsken treng sterke nynorskområde, men han treng òg vern i dei områda der han er sett under press. Vi ønskjer ein språkpolitikk som ser lenger enn til det språklege og som er ein del av ein samla politikk for å styrkje regionar og distrikt, seier Tennø.
Leiaren i Noregs Mållag meiner det bør vere eit mål for den offentlege språkpolitikken at han gir fleire nynorskbrukarar og får fleire til å bli verande nynorskbrukarar. Det gjeld å styrkje dei nynorske kjerneområda, seier Marit Aakre Tennø.
– Bruk prinsippet nynorsk konsekvent
I erklæringa legg Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum også vekt på at prinsippet nynorsk må brukast konsekvent. Etter stortingsdrøftinga av språkmeldinga i 2009 er det offisiell politikk å følgje prinsippet nynorsk. Det inneber at nynorsk alltid skal reknast med og vurderast der språk blir tematisert eller brukt, og at det blir grunngitt i dei tilfella ein meiner nynorsk ikkje er ein relevant faktor.
– Dette føreset administrative system i offentleg forvaltning som sikrar at nynorsk blir vurdert eksplisitt, og at det blir enklare å bruke nynorsk i det offentlege, seier Reidar Sandal.
Kulturjubileum med politikk
I 1996 blei det markert at det var 100 år sidan Ivar Aasen døydde.
– Det jubileet blei til for å gi nynorskbrukarane nye impulsar. No bruker vi 200-årsjubileet til å gi dei politiske miljøa nye impulsar og vise verdien av nynorsk, seier Reidar Sandal.