Ein tilsett i Hareid kommune hadde maks uflaks i Torkelvegen på Hareid måndag føremiddag. Huseigar Kåre Hovden fekk telefon frå kona på badet, om at ein bil stod parkert på uvanleg vis i den utvendige trappenedgangen til kjellaren i huset dei bur i.
– Ingen sak for oss
Hovden fortel til Vikebladet Vestposten at det berre var kona som var heime då uhellet skjedde.
– Ho sa det høyrtes ut som det small i ei dør. Når ho kika ut vindauget på badet såg ho bilen låg nedi trappenedgangen til kjellaren, fortel Hovden.
Hovden visste lite om kva som hadde skjedd. Difor kontakta han politiet.
– Politiet var her for å sjå kva som hadde skjedd. Men dei konkluderte med at dette ikkje var noko sak for dei.
Om lag klokka 14.00 måndag ettermiddag kom bergingsbil og mannskap frå Fosnavåg Bilverksted for å få havaristen opp frå den utvendige trappegangen.
Med det Vikebladet Vestposten sat ikkje nokon i bilen då den rulla over vegen og ned i hagen til Hovden. Busker, hekk og mindre tre var det einaste som vart skadd som følgjer av den førarlause bilturen.