13 prosent ville gå sørover til Selje og Vågsøy i Stad kommune, medan 37 prosent sa nei til kommunesamanslåing.

Frammøteprosenten var på vel 63 prosent, skriv nettavisa til Synste Møre.

Vanylvingane gav dermed eit temmeleg tydeleg råd.

Sør om fylkesgrensa sa 56 prosent av veljarane i Vågsøy og 37 prosent av veljarane i Selje ja til ein ny kommune i lag med Vanylven.

I Vågsøy var det forresten svært låg valdeltaking. Berre ein fjerdedel av dei som kunne stemme, gjorde det.

I dei fire andre tiltenkte Runde-kommunane er det folkerøysting 19. mai.