Over 200 elevar fekk synt farm kva dei kan, då danseelevane ved Hareid musikk- og kulturskule og Ulstein Kulturskule avslutta vårsemesteret sitt. Det gjorde dei med to framsyningar i Hareidhallen sist laurdag, ei for elevane frå Hareid og den andre for elevane frå Ulstein. Begge framsyningane trekte fulle hus, faktisk måtte arrangørane leite fram ekstra stolar då publikum frå Ulstein fylte salen under den siste framsyninga.

Framsyningane var delvis lagt opp som demonstrasjonar av ulike øvingar frå klassisk ballett og jazzballett, men også som reine danseoppvisningar. Inanne klassisk ballett starta framsyninga med dei yngste elevane, og så kunne tilskodarane sjå korleis teknikk og ferdigheiter utvikla seg etter kvart som eldre og meir erfarne elevar synte fram sine øvingar og oppvisningar.

Det er ballettpedagog Penny Jackson Indreflø som har hatt instruksjon og koreografii på det meste av det som vart framført. I tillegg hadde Natalie Lillerovde, som er lærar for dei to yngste jazzballetgruppene ved Hareid kulturskule,  ansvaret for koreografien på eit par av oppvisningane.

Alle foto: Hareid musikk- og kulturskule / Ulstein Kulturskule