I vedtaket blir det sett fram eit ønskje om at eit frivillig lag i Hjørungavåg får hand om sjølve tunet og bygningane med tanke på vidare ivaretaking.

Eigedomen ligg ved Vartdalsfjorden mellom Engeskardet og Korshamna.

Utfordrar Hjørungavåg-organisasjon

Etter framlegg frå ordførar Anders Riise (H) går formannskapet inn for at tun og bygningar kan bli fråskilde og avhenda til ein frivillig organisasjon i Hjørungavåg. Kva organisasjon dette skal vere, er det ikkje sagt noko om.

I fleirtalsvedtaket blir rådmannen gitt i oppgåve å forhandle fram og underteikne ein kjøpsavtale.

Truls Håbakk (FrP) røysta imot. Han viste til kommunen sin stramme økonomiske situasjon og meinte at kommunen på noverande tidspunkt ikkje kunne setje av midlar til kjøpet.

Øydegard

«Gamleåsen» er ein del av gardsnummer 67 i Hareid, Åsen. Garden ligg under ein åsrygg (Åsefjellet). Det er denne åsen som har gitt garden namnet. På den andre sida av åsen stuper lendet bratt ned mot Hjørungdalsvatnet.

«Gamleåsen» er det gamle tunet på garden. Då Ada Åsen overtok garden i 1930 bygde ho eit nytt tun lenger nord mot Korshamna. Denne Ada Åsen var sydam ei Ålesund i mange år og la seg opp pengar der med tanke på å hjelpe foreldra (Anders og Eva f. Sundgot Åsen) så dei slapp å flytte på gamleheimen. Hareid kommune var eigar av garden då Ada kjøpte. Ved kjøpet heldt kommunen att ein part av garden.