I budsjettet for 2015 løyvde Ulstein kommunestyre ein million kr til bygging av kai og opprusting av uteområdet på Geileneset. Summen var basert på kostnadsoverslaget frå konsulent Sweco for bygging av resterande del av kai mellom Foreininga og pynten på Geileneset. Denne delen av kaia skulle vore bygd for ti år sidan, men på grunn av konkurs med utbyggjar har det ikkje vore gjort.

Ønskjer å bli ferdig

No er det utarbeidd eit notat som blir lagt fram til Ulstein formannskap, som har møte førstkomande tysdag.

Der skriv assisterande rådmann Arne Runar Vik at kommunen sitt økonomiske engasjement baserer seg på eit sterkt ønske om å få ferdig denne delen av ein samanhengande sjøpromenade frå Vikholmen til Saunes der også ferdigstilling av byggjetrinn 2 og 3 på Sjøsida står igjen.

Spleiselag

Det er lagt opp til ei tredeling av rekninga, der kommunen, fylkeskommunen og eigar Snorrebuda tar kvar sin del.

Eigar av Snorrebuda betalte ein million i 2016, fylkeskommunen har gitt tilsegn på ein million og kommunen har budsjettmessig løyving for den siste millionen.

Men sidan det ikkje var klart for bygging av kai korkje i 2015 eller 2016, har kommuneadministrasjonen brukt 218 000 kroner til flytebryggje ved kommunekai og 266 000 kroner til tetting av mur mot uteområdet på pynten av Geileneset.

Treng meir pengar

Vik skriv at Conplan har prosjektert og henta inn pris på kva det vil koste å byggje denne kaia. Og Gullik Gulliksen Vest (landskapsarkitekt) har planlagt kva som bør gjerast på uteområdet. Til saman vart det 158 000 kr i konsulenttenester.

Jobben har vore ute på anbod. Ulstein Entreprenør As var einaste tilbydar og kan gjere jobben for 2 millionar.

I tillegg kan dei fjerne ei flu, som skulle vore tatt, for 460 000 kroner.

Uteområdet på Geileneset er kostnadsramma til 300 000, der skal sameiget Geileneset betale 100 000 kroner.

Administrasjonen varslar at kommunen må løyve 800 000 kroner ekstra. Og truleg 2–300 000 kroner ekstra til flua.