– Det er litt skummelt at det no er berre tv-sjåarane som skal avgjere kven som skal gå vidare, fortel nittenåringen på andre sida av bordet på Kaffebaren.

Ho er ein kjapp tur innom Ulsteinvik, før ho skal synge på stemnefesten på Hareid. Kaja Rode budde i Ulstein frå ho var ti til ho var atten år. No bur på Nesodden og er ein av deltakarane som kivar om å vinne The Voice-konkurransen.

Lyst til å gå vidare

Fredag er det direktesending i programmet, og Kaja får ikkje lov til å røpe kva ho skal synge.

– Eg har så inderleg lyst til å gå vidare i konkurransen, kanskje gå heilt til topps, seier ho.

Sist det var direktesending vart ho ikkje røysta vidare av sjåarane, då var det mentor Yosef som berga henne. I morgon er det berre sjåarstemmene som tel.

– Eg håper at folk stemmer, og så føler eg at stemmene bør kome frå Ulsteinvik, ler ho, og legg til:

– Det er her eg har jobba med mest musikken, det er her eg har utvikla meg mest.

Åtte år i Ulsteinvik

Det kjem neppe overraskande, men Kaja Rode har alltid vore glad i å synge. I fjerde klasse hadde ho hovudrolla i musikalen «Stopp, ikke mobb» på Ila skole i Oslo.

– Eg spelte rolla som mobbaren. Men det heile enda godt, alle vart venar og eg fekk synge «Unnskyld»-songen, fortel ho.

Då ho var ti år, flytta ho og familien til Ulsteinvik. Og det var først då ho starta med songundervisning. I Ulsteinvik fekk ho smaken på å stå på ei scene og synge.

– Det er kjempegøy å opptre! På kulturskulen fekk eg øvd på ulike teknikkar, og det heile vart gjort på ein veldig positiv måte, seier ho.

Mamma fiksar

Vidaregåande skule gjekk ho på musikklinja i Volda. Ho var russ i vår, omtrent på same tid som The Voice-sirkuset starta. TV-sendingane starta i august, dei tre første i opptak. Fredag er ho klar for direktesending nummer to.

– Altså, det var mamma som sende inn ein video frå den siste musikalen eg var med i på vidaregåande i Volda. Då vart eg kontakta av crewet bak programmet, dei ville gjerne ha meg med, seier Rode.

Mamma Veronica Rode har absolutt minst éin finger med i spelet, det er ho som ordnar og fiksar mykje av kvardagen for dottera.

– Du kan seie at mamma er litt «mamager» eller manager, ler Kaja, som no har eit friår for å fokusere berre på musikken.

Hyggelege tilbakemeldingar

Nittenåringen fortel at ho har fått veldig mange tilbakemeldingar frå folk, og nesten som bestilt stoppar det ei dame ved kafébordet:

– Kor flink du er! Hugsar du meg? Vi var naboar her i Ulsteinvik, eg heiar på deg!

Kaja kjenner att den tidlegare naboen og takkar for dei gode orda.

– Folk er så hyggelege! Mange seier at dei har lyst til å høyre meir av meg, og det boostar sjølvkjensla, seier ho.

Litt nervøs

Når Kaja Rode går på scena fredag kveld, har ho øvd heile veka. Ho har truleg fått god hjelp i mentor Yosef Wolde-Mariam.

– Han er ein veldig gøyal fyr. Veldig konkret og flink til å gje tilbakemeldingar.

Kjem du til å vere nervøs?

– Vanlegvis er eg ikkje så nervøs, men tanken på at det er sjåarane som skal stemme meg vidare eller ikkje, det gjer meg litt nervøs, Men eg stolar på Ulsteinvik!, seier ho.