I går kveld (onsdagskvelden) vart det meldt om burning i området ved Ulstein verft. Politiet rykte ut, men då dei kom var burninga over og ingen bilar var på staden.

Litt tidlegare same kveld pågreip politiet ein mann for tjuveri i ein butikk i Ulsteinvik sentrum. Mannen stal brus, frukostblanding og sauspakkar. Mannen vart tatt på fersk gjerning medan han stal. Det blir oppretta sak.