– Kva eg synest om namnet mitt? Heilt greitt, det.

Carsten Myrene Nevstad er på veg inn til sin aller første skuledag på Haddal skule. Han heiter rett nok Carsten med C, men kjenner godt til Karsten Warholm.

– Ja, det er han som vart verdsmeister, seier han.

Kan slå til

På Universitetet i Bergen sit namneforskar Ivar Utne. Han seier det skjer at namn slår til med idrettsstjerner og at det kan skje med Karsten.

– Det var slik med Lasse for Lasse Kjus og Vegard for Vegard Ulvang, fortel han, og viser også til endå eldre døme som Oddbjørn Hagen og Hallgeir Brenden.

– Men det var neppe slik for Bjørn for Bjørn Dæhlie. For det skjer sjeldan med namn som er på veg ned. Og Magnus gjekk neppe opp med Magnus Carlsen, for det namnet var allereie ganske mykje brukt, seier Utne.

Han konkluderer med at namna frå idrettsstjerner og andre idol bør passe med trendar i tida, viss dei skal få eit oppsving.

– Eg trur at namnet Karsten kan få draghjelp av VM-gullet. Årsaka er at det vert oppfatta som eit gamalt namn med tradisjon.

Her kan du lese meir om namnestatistikk. (ekstern lenke)

Klar til bruk

Det er snart hundre år sidan Karsten var mykje brukt. Kvart år dei siste ti åra har rundt tjue fått namnet Karsten, viser namnestatistikken frå Statistisk sentralbyrå, SSB.

– Eg oppfattar namnet som klart til bruk igjen, seier Ivar Utne.

Han får støtte frå Jørgen Ouren i SSB.

– Her er ei glo det kan verte fyr i, seier han.

Ouren viser til at Karsten hadde si stordomstid før 1920, og at det nærmar seg tid for tilbakekomst.

– Namn som dei fleste vaksne har er «utslitne» og heilt uaktuelle, det gjeld ikkje Karsten, seier Jørgen Ouren.

På Haddal skule er Carsten åleine om namnet. Mor Christin Myrene fortel at det var storebrørne som valde namnet Carsten. Ho seier det passar veldig bra at familien har mormora til Karsten Warholm som nabo.

– Ho var veldig fornøgd med namnevalet, seier Myrene.