Hareid kommunestyre har tidlegare avgjort at bygging av nytt helsehus skal skje i privat regi. For kort tid sidan vart det også avgjort at bygget skal stå på tomta som Holstad Rør og John Henry Holtet eig i Hareid sentrum. Dette inneber mellom anna at huset til Holstad Rør skal rivast, og at huset også kjem til å gå over marka nedanfor.

Ordførar Anders Riise opplyser at i tida framover vil byggenemnda og konsulent Ståle Ivar Hovden i Hammerø & Storvik få på plass romprogrammet. Dette skal så sendast til uttale i Levekårsutvalet og andre relevante utval i Hareid kommune. Etter planen skal romprogrammet deretter vidare til formannskap og kommunestyre i slutten av oktober. Og når vedtaka er gjort i kommunestyret, blir det lyst ut arkitektkonkurranse med kravsspesifikasjonar.

Kven som blir utbyggar er uvisst, det som er sikkert, er at det ikkje blir Hareid kommune.

Blant etatane som skal inn i helsehuset er legesenter, helsestasjon, Ressurssenteret og Nav.