Etter påtrykk frå Marianne Breivik (Arbeidarpartiet) skal levekårsutvalet i Ulstein kommune på ny sjå på husleigeprisane i dei nye omsorgsbustadene i Holskerdalen og Sjøsida.

Kommunalsjef Marit Botnen skriv i sakspapira til møtet at husleiga er meint i dekkje dei årlege utgiftene til bygget. Krav om parkeringsplassar og fellesareal frå Husbanken gjer at husleiga her blir høgare enn i andre omsorgsbustader. Dei la også til grunn ein del felleskostnader. Totalt utgjer Holsekerdalen og Sjøsida 52 bueiningar, berre 2 har klaga på prisen. Botnen føreslår at bebuarar som ikkje har økonomi til å bu her, får tilbod om billegare bustader.

Saka skal opp i levekårsutvalet onsdag 11. november, før det går til kommunestyret for endeleg avgjerd.