- Dette er veldig leit. Eg har no sikra meg bilete av alle taggingane og sender til politiet. Det er trist at nokon vil gjere slikt, seier Kjell Arne Grønnevik.

Kjell Arne er eigar og drivar av Vika Kro, ei kjend og kjær kro for bygdefolket, reisande så vel som pendlarar til og frå øyane.

Taggingane har kome i løpet av natt til torsdag, og diverre for gatekjøkkeneigar Grønnevik har nokon funne det for godt å tagge på fleire av veggane.

- Det er gjort rundt heile bygget her, seier Kjell Arne Grønnevik fortvila.

Fleire taggingar

Sunnmøre politidistrikt meldte via Twitter at det var oppdaga taggingar på eit busskur på Larsnes, og ovanfor Vikebladet Vestposten blei det bekrefta at dette var på busskuret like ved Vika Kro. No er det altså ikkje berre busskuret, men også sjølve gatekjøkkenet som er tilgrisa med det som ser ut til å vere gjort med tusj.

Politiet ønskjer info om desse hendingane, og kan kontaktast på nummeret 02800.