- At Hurtigruten signerer intensjonsavtale med Kleven verft om bygging av to nye skip er svært gode nyhende for ein pressa industri på Vestlandet, seier statsminister Erna Solberg.

LES OGSÅ: Kleven byggjer nye skip for Hurtigruten

- Det er lenge sidan slike skip har blitt bygde i Norge, og dersom denne bygginga vert ein realitet, betyr det enormt mykje for verftsindustrien, norske arbeidsplassar og norsk turistnæring, seier statsministeren

Ho peiker også på at dette også vil ha gode ringverknader for andre næringar.

- Det er elles gledeleg å merke seg at denne kontrakten syner at norsk verftsindustri er konkurransedyktig både på kvalitet og pris i ein tøff internasjonal marknad, seier Erna Solberg.