– Dette er utan sidestykke tidenes nettsuksess for oss, seier redaktør Anne Gry Eilertsen, om nettsaka som berre i løpet av fredagen då den kom ut blei delt over 22.000 gongar via Facebook, Twitter og andre sosiale medium. Då denne avisa gjekk i trykken måndag hadde saka bikka 100.000 visingar.

– Det er veldig spesielt at vi som ei lita lokalavis danka ut dei store aktørane i riksmedia. Både Sunnmørsposten og Nettavisen omtala det som etter kvart blei eit fenomen, i forhold til enorm frekvens på deling, noko som sjølvsagt også gav oss desto fleire lesarar, seier Eilertsen.

Sunnmørsk ironi

Ei rein tilfelle gjorde at Vikebladet Vestposten valte å gjere sin vri på Justin Bieber sitt nylege Norges-besøk, i ei nettsak fredag ettermiddag. Redaksjonen fekk eit tips frå ein som ikkje jobbar i redaksjonen om at den kanadiske superstjerna sitt privatfly hadde floge over Sunnmøre på veg tilbake over Atlanterhavet. Sjølv om flyet rett nok flaug like over Ålesund på si ferd, pønska lokalavisa sin deskjournalist Jorulf Myrene på om ikkje 21-åringen såg lysa frå Hareid der han sat. Sjølvsagt, med ein god porsjon innbaka sunnmørsk ironi, krydra med ein dose mediekritikk.

– Vi fann raskt ut at Jorulf var rette mannen til å gjere noko på dette. Han er kjend for å finne ein eigen vri på litt pussige saker, seier redaktøren.

– Det er ei ikkje-sak eigentleg. Men, ein må kunne ha det litt artig av og til. Vi likar å tulle litt med vår eigen lokalavis-sjanger, og dette var eit eksempel på det. Det var null og niks seriøsitet når vi valte å publisere denne saka, seier Jorulf Myrene.

Les også: Justin Bieber flaug over Sunnmøre

Redaktøren fortel at det var kjekt å følgje med på saka sin sigersgang på nett.

– Vi trefte godt med denne. Det som kanskje var litt mindre bra, var at vi kom litt ut av likevekt med produksjonen elles, vi blei litt skipla av alt oppstyret. Men, det var berre god ironi. No skal det også seiast at dette ikkje blir kvardagskost. Vi satsar på dei gode nyheitene, og vi skriv for våre faste lesarar. Dei over 80.000 lesarane som har sett saka frå andre stader i landet eller i utlandet betyr ikkje noko anna enn at det er litt gøy at dei fann vegen til vår nettavis, seier Anne Gry Eilertsen.

Også lest i Sør-Korea

Andreas Steinnes Bjerknes er nettansvarleg i Vikebladet Vestposten. Han ser like forundra som kollegaene på den enorme merksemda kring denne saka.

– «Roping i Hareid» er vel den som kjem nærmast denne saka. Fredag var vi dobbelt så store som Romsdals Budstikke, og større enn Sunnmørsposten. Det er ikkje kvar dag det skjer. Vi hadde mellom anna 8.000 fleire unike brukarar enn Sunnmørsposten, og den mest leste saka på smp.no på fredag var ei sak som handla om vår Bieber-sak, seier Bjerknes, som også viser til at avisa har hatt god framgang på nettavisa hittil i år.

Han fortel vidare at dei fleste som leste saka gjorde det på Austlandet, rundt eller i hovudstaden. Saka har også spreidd seg til bortimot alle verdshjørna.

– Det seier litt når saka også er lest i land så langt borte som Sør-Korea, seier han og legg til:

– Denne saka gjer to ting på ein god måte. Den tek den lokale vrien på ei nasjonal sak så langt ut som ein kan. Så kombinerer ein kjendisstoff med kuriosum på ein artig måte. Ein treff eit punkt på vegen som gjer at trafikken skyt fart.

– Ironi, ein vanskeleg sjanger

Professor i journalistikk og rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, har også fått med seg den pussige saka. Han har ei lang rekkje forskingsprosjekt knytt til statistikkar og trendar bak seg.

– Ironi er ein vanskeleg sjanger, og denne saka er eit kjempegodt døme på skikkeleg sunnmørsk ironi. Det er ein type ironi det kan vere ekstra vanskeleg å ta på alvor. Eg flira godt då eg såg denne saka, det må eg seie, fortel Roppen.