Vikebladet Vestposten fekk inn ei bekymringsmelding om gangarealet på den nye ferjekaibrua på Hareid. Vi følgte opp tipset og fann ut at ferjekaibrua var breiare enn i alle fall Høgsfjord (ferja som låg til kai då Vikebladet Vestposten var der). Dette førte til at enden av gangarealet var opent og leia rett i sjøen. Vedkommande som sendte inn tipset til Vikebladet Vestposten var bekymra for tryggleiken, og nemnte at til dømes born kan falle i sjøen sidan der ikkje er sikra.

Vi kontakta prosjektleiar i Torbjørn Vatnehol i Statens vegvesen Region Midt  for å få ein kommentar.

- Gangarealet på den nye ferjekaibrua  passar ikke til alle ferjene.  På Tidefjord går det bra, men sidan Ullensvang og Høgsfjord er smalare, er det førebels ikkje mogleg å bruke gangarealet til desse ferjene, seier Vatnehol.

Sjølv om gangarealet ikkje passar alle ferjene så valte dei å bygge ferjekaibrua slik for å sleppe store ombyggingar og utskiftingar i framtida.

- Vi jobbar med en mellombels løysing, som gir betre sikring for dei mjuke trafikantane, avsluttar Vatnehol.