Det er i eit intervju med lokalavisa Vestlandsnytt i Herøy at Sande Kjell Sævik slår fast at det vil vere ein fatal bommert om Herøy går inn i ein storkommune saman med Ulstein.

- Bruda er boden fram, og utsjånadsmessig ser ho fin ut. Men så syner det seg at ho er belånt til langt over kyrkjespiren, og medgifta er brukt opp for lengst. Kistebotnen står berre og grin mot deg, seier Sævik.

"Må ha det"

I følgje Vestlandsnytt snakkar han gjerne med store bokstavar.

Sævik meiner Ulstein sitt slagord "Der baug bryt båre" burde ha vore bytt ut med det gamle Tine-slagordet "Må ha det. Bare ha det".

- Det finst ei rekkje døme opp gjennom åra på at Ulstein har prøvd å kave til seg mest mogleg, og det er ikkje noko som tilseier at ein slik tankegang opphøyrer om grensene vart endra. Då Eiksund skulle flyttast frå Herøy til Ulstein var det eit krav at Herøy skulle byggje ny skule i Eiksund før samanslåinga var eit faktum. Og då Schei-komiteen arbeidde på 60-talet, kom Ulstein med forslag om at den nye kommunegrensa mellom Herøy og Ulstein skulle gå ved Aspevikvatnet. Dei ville altså annektere store deler av indre Herøy, seier Sævik, og held fram:

- Må kjempe med nebb og klør

- Då det vart drøfta etablering av flyplass på ytre Søre, var Djupvika/Myrvåg eit alternativ, saman med Hareidseidet. Og her kunne Ulstein gå med på ei plassering sør om Dragsundrua, av frykt for støy. Elles har dei fleste offentlege funksjonar blitt plasserte i Ulstein, til dømes Arbeidskontoret i si tid. Og vi må kjempe med nebb og klør for at funksjonar som til dømes lensmannskontoret ikkje vert "sentralisert" til Ulsteinvik. Korleis dette vert i ein storkommune? Svaret gir seg sjølv.

Sævik meiner det i stor grad er takka vere herøyværingane Ulsteinvik har vakse seg stor. Bygging av båtar for reiarar i Herøy er sentralt, og Sævik meiner dette har vore eit godt samarbeid.

- Men så ser vi i enkelte tilfelle, både hos folk og verksemder, at det kjem ei lyst til å bli sværare enn lommeboka tillet. Det meiner eg har skjedd i Ulsteinvik, og eg trur det vil vere ein kjempetabbe for Herøy om vi let oss slå saman med Ulstein.

- Folk er generelt skeptiske til Ulstein

Når redaktøren i Vestlandsnytt spør kva folk han snakkar med meiner om saka, svarer Sævik dette:

- Eg har knappast møtt eit einaste menneske som kjem til å stemme ja til det som vert kalla "Runde kommune". Folk er generelt svært skeptiske til Ulstein. Sidan du spør, meiner eg vi etterkvart vil kome i ein situasjon der alternativet Herøy/Sande i staden kan bli aktuelt.