Mørenett skriv på sine nettsider at dei gjennomfører ei planlagt straumutkopling i Hjørungavåg. Dette på grunn av arbeid med høgspentnettet i området ved Hjørungavåg skule.

Om lag 55 kundar skal vere berørte av utkoplinga melder Mørenett.

Straumstansen i området skal etter planen vare i tre timar frå 14.30, skriv Mørenett.