Brattvaag Electro har signert kontrakt med Kleven for elektroinstallasjon på to hybridferjer til FosenNamsos Sjø.
Ferjene skal utrustast ved Myklebust Verft. Levering vil skje mot slutten av 2018.
Ferjene skal operere på sambandet Flakk - Rørvik.
Ladetid på fire minutt
Dette er to energieffektive personbilferjer som er designa og utvikla av Multi Maritime.
I kvar ende av ferjene blir det ein azipull på 1.200 kW, som i all hovudsak skal forsynes av ein batteripakke til å ta ferjene frå kai til kai.
Ladetida blir på 4 minutt, forsynt av 10 kV og ladekapasitet på 4.500 kWh ved ferjekaiene. I tillegg skal det installerast 3 generatorar på 500 kW kvar for å kunne etterlade batteria under overfarten.
Det blir to tavler i kvar ende av ferjene, og ei høgspenttavle for tilkobling av ladestraum ved ferjekaiene.
Viktig kontrakt
Brattvaag Electro sikrar seg med dette ei viktig kontrakt i ein krevjande marknad. Bjørn Halfdan Leine, dagleg leiar i Brattvaag Electro, seier i ei pressemelding at han er særs fornøgd med å inngå ein ny kontrakt med Kleven/Myklebust og at selskapet er med som aktør i fornyinga av framtidas kostnadseffektive ferjeflåte.
Frå før har Brattvaag Electro inngått kontrakt med Myklebust Verft for el.installasjon til Gitte Henning, som skal leverast i desember 2017.