Håkon Waage (V) viste til Skulelova som seier at elevar og føresette har rett til å krevje fritak frå undervisninga ut frå visse omsyn til religion eller livssyn. For elevar som er yngre enn 15 år er det dei føresette som utøver retten.

– Ein må rekne med at 15-åringane vil ha behov for særleg tilrettelagt opplegg for å kunne forstå kva retten inneber og korleis den skal nyttast, sa Waage og meiner dette er eit viktig element i demokratiopplæringa. Føremålet med denne retten er å sikre at Noreg respekterer grunnleggande menneskerettar. Som skuleeigar skal kommunen årleg informere om denne retten. Blir dette gjort og korleis, ville han vite.

Han fekk til svar at skulane i Ulstein årleg informerer om høve til fritak frå gudstenester i skuletida. Det går eit skriv til heimane i god tid før slike gudstenester.

Kommunen har vurdert skulegudstenestene som å vere den einaste aktiviteten som løyser ut denne retten til fritak.

Vil betre rutinane

Det vart også opplyst om at Ulstein kommune vil betre rutinane, slik at informasjonen om mogleg fritak som lovparagraf opnar for blir gitt også ved skulestart. Slik informasjon skal gjerast tilgjengeleg også på skulane/kommunen si heimeside. Både foreldre og elevar skal få informasjon om høve til fritak. Både foreldre og elevar skal få informasjon om høve til fritak.

Elevar som har fylt 15 år blir informert om at dei sjølve kan melde frå om fritak. Det blir ikkje gjort noko særskild for at 15-åringane skal forstå denne retten og kva det inneber, foreldra må ta medansvar for at retten blir forstått.