Det har vore lite snø denne jula. Innimellom har det vore nokre elingar med sludd og hagl, men ikkje nok til å byggje ein snømann eller finne fram akebrettet. Men skal me tru yr.no skal det byrje å snø sundagskvelden. Det skal også snø måndagen. Så kanskje det er håp for at borna kan få leike seg ute i snøen siste dag av juleferien?
Tysdag og onsdag er det meldt minusgradar på føremiddagen, elles plussgradar. Så kjem det regn og mildvêr igjen frå torsdagen.
PS: Her er det lokale variasjonar. Det er meldt snø i Hareid og Flø, medan nedbøren vil kome som sludd i Eiksund og regn i Ulsteinvik.