Kjell Mork Soot fann ein daud hjortekalv på første juledag, når han var ute og rusla langs Kaldholelva, på Bjåstadsida. Midt ute i ein regnversdam oppdaga han ein raudbrun "Haug". Då han såg nærare etter var det ein daud hjortekalv.
Dyret er veldig ungt. Det var dekt med kvite flekkar, noko ungkalvane har ein periode etter fødselen og det vog berre 8,6 kilo. Truleg har dyret døydd tidleg i desember, og det har døydd veldig ungt.
I papiravisa i morgon, torsdag, har Kjell Mork Soot på trykk eit lesarinnlegg med tankar han gjer seg omkring denne daude hjortekalven.
Kvifor vart denne kalven fødd "utanfor sesong"? Hjortekalvar blir vanlegvis fødde i mai/juni. Ein kalv fødd i oktober/november har liten sjanse for å leve opp. Då har graset lite næring, og mora til kalven vil å problem med å produsere nok og næringsrik mjølk til kalven sin.
Soot stiller seg kritisk til jegarar som er ute etter å skyte store bukkar. - Ein tenkjer i noet og tenkjer ikkje framover, skriv Soot og viser til at det blir betre bedekning av kollene til normaltid om der er storbukkar til stades. Er der berre ungbukkar, kan bedekkinga foregå så seint at kalvinga ikkje skjer til normaltid, men ut på hausten, med kalvar som ikkje har så store sjansar til å greie vinteren.
Oppmodinga hans er: Spar storbukkane!