Hareid kommune melder på heimesida si om at i samband med omkopling av vasslangar frå gamal til ny hovudleidning i Kjøpmannsgata blir abonnentane frå og med Hareid bedehus/bruktbutikken og nordover til og med Flåten utan vatn. Dette gjeld frå i dag tidleg og utover dagen.
Dette gjeld husa på båe sider av vegen.
Vatnet blir påsett utan nærare varsel når omkoplingsarbeidet er utført.