Nøyaktig klokka 10 torsdag formiddag blir statsbudsjettet og nasjonalbudsjettet for 2018 presentert av finansminister Siv Jensen (Frp). Partikollega og ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh, er fullt klar over at dette budsjettet vil vere farga av at regjeringa har signalisert mindre bruk av oljepengar, men han trur like fullt det er eit godt budsjett som blir lagt fram.

– Generelt håper eg regjeringa framleis legg vekt på dette med å utvikle ny teknologi, og eg håper at kommunane blir tilgodesett med nok pengar til nettopp teknologisatsing, for at vi skal kunne tilpasse oss ei framtid som er veldig nær oss. Så vonar eg at ein framleis legg til grunn at Ulstein er blant dei ufrivillig mindre kommunane, og at vi framleis vil få ein kompensasjon slik som vi fekk i fjor, seier Engh til Vikebladet Vestposten.

Vil behalde krisepakkar

Konstituert rådmann Verner Larsen er endå litt tydelegare enn ordføraren på at utfordringane kan bli mange.

– Slik som signala som har kome tyder på, kan tiltakspakkane i forhold til arbeidsløysa forsvinne heilt. Det vil i så tilfelle vere ei stor utfordring for heile denne regionen, då her framleis er relativt høg arbeidsløyse. Desse tiltakspakkane ønskjer vi skal vidareførast. Dette er også ordføraren heilhjarta einig i, seier Larsen.

Både Ulstein og Hareid har for tida noko av landets høgaste prosentvise arbeidsløyse, med høvesvis 5,4 og 5 prosent. (Oktober-tala frå NAV).

Verner Larsen meiner det også er andre utfordringar som vil blir tydelegare.

– Signala frå staten si side er at det er tydelege forventingar om at kostnadane i kommunesektoren skal ytterlegare ned, slik ein får innsparingsgevinstar. Dette er ting som ein kjenner igjen frå Danmark til dømes. Elles tenkjer eg at den største utfordringa vår blir korleis vi skal finne fram til eit skatteanslag som vi kan leggje til grunn i budsjettet. Det er den variabelen det knyter seg størst uvisse til slik vi ser det, seier Larsen.

– Utfordrande å få budsjettet i hop

Anders Riise (H), ordførar i Hareid, håper først og fremst at budsjettet blir like godt som han meiner det har vore til no.

– Eg håper mellom anna at det blir tilstrekkeleg med planleggingsmidlar til Hafast-prosjektet, slik at vi får halde trykket oppe der. Så er eg glad for at det har kome signal om at regjeringa ønskjer å øyremerke midlar til tidleg innsats i barnehage og skule i statsbudsjettet. Dette er eit satsingsområde det har vore jobba mykje med over lang tid. Så har vi også ulike andre utfordringar, mellom anna dette med demens og psykisk helse, som eg håper får større løyvingar. Budsjettet for 2017 har vore historisk i eit langt perspektiv. No er det ny kommunereform og eg er spent på om det blir ei dreiing i inntektsmodellane til kommunane, seier Riise og legg til:

– Til liks med Knut Erik har eg også signalisert at det er viktig at vår region blir spesielt teke omsyn til i forhold til høg arbeidsløyse og krevjande omstillingsprosessar.

Rådmann i Hareid kommune, Ragnhild Velsvik Berge, deler ikkje så mykje av ordføraren sin optimisme, og tenkjer heller at det kan bli svært utfordrande for Hareid kommune om det blir slik signala tyder på.

– Eg forventar at det blir ei utfordring å få budsjettet til å gå i hop. At det blir stramt. Eg håper sjølvsagt på større overføringar frå staten, men har diverre ikkje så store forhåpningar, seier Berge.