Etter planane når han fram til Ulsteinvik onsdag kveld.

Det er Trabant-festival i Zwickau denne helga. Borgarmeisteren held ein høgtideleg tale for «kyrkjebilen» før to-taktaren peprar av garde med kurs for Berlin, som er første stoppestad.

Kyrkjeverje Christfried Kaul, som eig den austtyske veteranbilen, fortel at dei alt torsdag denne veka hadde fått inn ca. 15.000 kroner på prosjektet. Målet er å samle inn 1 Euro (10 kroner) per kilometer på den vel 300 mil lange reisa nordover.

Prosjektet er eit facebook-event der dei som vil følgje med og kanskje gi pengar til prosjektet kan «vippse» ei gåve. Facebook-sida «Trabi goes to Ulsteinvik» orienterer om prosjektet på både tysk og norsk. I Ulsteinvik skal trabanten delta under Ulsteinmessa neste helg.

Tyske gåver

Det spesielle med prosjektet er at det også blir gitt pengar til ny Ulsteinkyrkje frå Tyskland. Til no har om lag halvparten av inntektene kome frå tyske gjevarar. KFUM/K i Zwickau, byen der trabantane vart bygde og som Christfried Kaul kjem frå, støttar aksjonen som ei takk for at eit norsk ten sing-kor frå Lier gjesta byen og inspirerte til å starte ten sing-kor då muren mellom Aust- og Vest-Tyskland fall i 1989.

Trabanten er ein to-taktar – og går på oljeblanda bensin. To kameratar av Kaul; Georg og Robert Stemmler, har lagt ned mykje arbeid i å få bilen i topp veteranstand. Dei jobbar til vanleg som restauratørar av Mercedesar. Begge blir med på bilmessa. Georg var elev ved Sunnmøre folkehøgskule for ti år sidan, medan broren Robert og Christfried Kaul var medarbeidarar då det vart starta KFUK/M-arbeid i Zwickau.