I år er det 65 år sidan det store hamskiftet for kraftforsyninga i Hareid.
Tilkoplingsdatoen var 17. oktober 1951.
Steinar Mork (84) er den einaste attlevande av dei som bygde og installerte den nye transformatorstasjonen i Gomyra, som frå dette året gjorde at bygdafolket kunne begynne å kjøpe meir avanserte elektriske maskiner.
– Før dette vart straumen stort sett berre nytta til lys, fortel Steinar.
Etter at brandølingane hadde fått i sving nokre mindre kraftverk i Ytredalen i 1912 og i Indredalen i 1917 tok den meir omfattande elektrifiseringa av Hareid til i 1918, då kraftstasjonen ved Hareidselvosen kom i sving. Denne leverte 250 kW. Folk teikna seg for stort sett 160 og 180 watt. I 1947-48 kom så stasjonen på Nesset og leverte 500 kW, og dermed hadde bygda ca 750 kW å rutte med. I tillegg hadde Brandal gåande verket i Indredalselva. Det leverte toppen 20 kW, og i Hjørungavåg tok Hjørungavaag Verksted kraft til seg sjølve frå eit verk i Vågselva.
Sørebrandalkraft ut til øyane
Kraftstasjonen i Sørebrandal hadde først levert berre til fastlandet, men etter ei større utbygging vart også øyane med på leiken. Stasjonen produserte 7000 kW – til fordeling på ei rekke kommunar. Sjølv om det var mange å dele med, gjorde det stor skilnad i dei enkelte kommunane.
– Her i Hareid begynte folk no å kjøpe elektriske komfyrar. Seinare kom panelomnane og spedde på vedfyringa – og utover på 50-talet fekk mange seg vaskemaskiner, kjøleskap og frysarar. I mellomtida hadde det vore bygt ein kraftstasjon i Gjerdsvika som også kom godt med til å dekke straumbehovet – ikkje minst for dei mange fabrikkane som var.
Steinar Mork nemner Hareid Bruk, Sverre Teigene sin trikotasjefabrikk, Hadar, sildeoljefabrikkane i Brandal o.s.v.
Så kom Tussa i 1963
– Behovet var stort og veksande, så etter kvart vart det litt krise. Så – i 1963 – kom Tussa inn på nettet med ein produksjonskapasitet på veldige 63.000 kW. Det vart bygt linjer til Hareidseidet og fordelingsnett derifrå til både Hareid og Ulstein. Straumen vart transformert ned frå 60 kV til 20 kV. Seinare, veit vi, har vi fått ei overføringslinje frå Tafjord over Sulafjorden til stasjonen i Hareidsberget, som vart utvida.
Steinar Mork er altså den einaste attlevande frå bygge- og installasjonsarbeidet i Gomyra i 1951. Han kan dermed kome med ein del førstehandsopplysningar:
Yri dreiv det fram
– Gomyrstasjonen vart bygd i armert betong. Karl Yri dreiv det fram i lag med nokre ”Nesset-karar”. Linjene frå Sørebrandal var framkomne og strekt inn i stasjonen der folk frå EGA installerte i lag med Svein Brekke og meg.
– Det var så mykje som skjedde på denne tida. I kyrkja hadde dei vedomnar fram til jula 1951. Frå då av vart det el-oppvarming. Kyrkja gjekk også gjennom ei storrenovering innvendes. Det var då glasmåleria til Jørgen Skaare kom på plass – og det kom lys til altartavla. Også benkane vart omarbeidde. Brekke-Laurits (Laurits Grimstad) og far min, Ragnvald Mork, stod for det – og eg trur Alfred Gjerde var malar.
Då transformatoren vart frakta over fire bruer
– Men så har eg ei artig tidsbilde frå denne tida då Gomyr-stasjonen kom på plass. Laurits Bakke var styrar den gongen. Ein dag skulle han ut på ei reise – og same dag var kontordama, ho Elise Moldenes, på ferie. Så eg var heilt åleine – og Bakke kom til meg og sa at eg fekk styre kontoret denne dagen og ta imot telefonar og beskjedar. Jau, det fekk eg no berre gjere. Og så hende det at der kom ein telefon frå Bergen dampskipsselskap, som skulle frakte oppover ein transformator frå Per Kure på ”Jotunheim”. Ei svært tung sak – 5,1 tonn – og transformatoren skulle lossast av i Ulsteinvik. Vi måtte derfor avtale tidspunkt for når det skulle kome bil og hente transformatoren over til Hareid. Dei foreslo eit tidspunkt – ein søndag – og eg sa ja. Dei ville sjølve ordne med bil.
– Bakke kom tilbake og fekk vite at eg hadde avtalt tidspunkt – og han sa at det var greitt. Så kunne transportoppdraget starte med ein lastebil med tilhengar og fleire hjul. Undervegs frå Ulsteinvik til Hareid måtte vi forsere fleire bruer som ikkje var dimensjonerte for så tung transport. Frå Hareid komm. elverk deltok Ola Hareide, Olav Røyset Gjerde (”Gjers”), Svein Brekke og eg. Vi hadde som jobb å legge nokre digre stålplater ned på bruene – til forsterking. Platene var med bilen. Fire slike brupasseringar vart det; først Vikelva i Ulsteinvik, deretter Dyftebrua oppe på Eidet, Risebrua og til slutt Grimstadbrua. Alt gjekk vel, transformatoren kom i hus og stod og arbeidde i mange år før han vart utsjalta og ein gong på 1980-talet frakta opp på Håbakk og forsynte Brandal derifrå.
Det var andre tider, ja. For å legge litt perspektiv i det: Før stasjonen i Gomyra kom i 1951 var uttaket i Hareid på 750 kW. I dag er det på kalde vinterdagar 20.000 kW, ifølgje Mørenett sine målingar.