Tilliks med Hareid får også voldingane krav om å betale eigedomsskatt i år. Men medan inntektspotensialet i Hareid i 2014 er på berre vel 3,3 mill. kroner, kan Volda kommune ta inn heile 13,5 millionar, skriv Møre-Nytt.

Den store skilnaden kjem av at voldingane også har eigedomsskatt på verk og bruk.

Då saka var oppe i Volda kommunestyre nyleg stilte Odd A. Folkestad frå Ferjelista spørsmål til rådmannen om ikkje informasjonen ved innføringa av eigedomsskatt var misvisande:

- I desember informerte rådmannen om at kommunen ville få eit underskot på om lag 12 millionar i 2013, noko som seinare viste seg å verte eit overskot på 13 millionar, nemnde Folkestad og la til: - Har ikkje dette ført til at vi på feil grunnlag har innført eigedomsskatt også for verk og bruk?

Rådmann Sjurgard var usamd i dette og sa at Volda mangla økonomisk handlefridom og var heilt avhengige av å skaffe seg ekstrainntekter.