Ei kvinne frå Ytre Søre Sunnmøre er i Sunnmøre tingrett dømd til fengsel på vilkår i 24 dagar. I tillegg skal ho betale ei bot på 60.000 kroner, og gjennomføre eit promilleprogram i regi av Kriminalomsorgen.

Fekk ikkje sove

Kvinna kom i retten med ei forklaring utan atterhald. Ho hadde drukke alkohol heile natta før køyringa, fordi ho ikkje fekk sove. Både i halv halvflaske Cognac og mykje raudvin. Ut på morgonen laga ho seg frukost, og nokre timar seinare køyrde ho til ein butikk i sentrum.

Køyreturen gjekk greitt, men ho vart køyrd heim av ein annan person.

Til retten fortalde ho at ho ikkje drakk noko frå ho vart køyrd heim og til politiet kom heim til henne, og ho vart tatt med til blodprøve på legekontoret.

- Betydeleg promille

Blodprøva viste 2,11 promille alkohol i blodet.

Retten meiner det er skjerpande at promilla var betydleg, og at det var fare for personskader, då køyringa skjedde på dagtid i sentrum.

Ho er frådømt førarkortet i  to år og tre månader.