I fleire år var det ein andedam midt i parken, men den vart fjerna før kronprinsparet besøkte bygda i 2012.

Saka vart tatt opp i kommunestyret torsdag sist veke under ei sak om miljøgateprosjektet. Kommunestyret vedtok samrøyses at administrasjonen skal førebu gjennomføring av arbeid i Kjøpmannsgata som det første byggjesteget i prosjektet. Som det andre byggjesteget prioriterer kommunestyret opparbeiding av parken i Åsendalen, står det i vedtaket.

Målet er at opprustingstiltaka i Kjøpmannsgata og Åsendalen skal skje i økonomiplan-perioden 2015-2018.