- Eg er glad for at Venstre og KrF har fått gjennomslag for at dei lengebuande asylborna som vart utsende frå Norge skal få sett påsakane sine på nytt, kommenterer fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (Venstre).
Dette vart klart onsdag kveld, då regjeringspartia og Venstre og KrF. vart samde om ein avtale.
- Denne saka er viktig for Venstre, og viktig for meg, fordi det handlar om å gi desse borna ei sjølvstendig vurdering. Dette er born som har levd store deler av livet sitt i Norge, og som har vennene sine her, og som kjenner seg norske, kommenterer Gjerde.