Kommunestyret i Ulstein torsdag: Eldar Knotten (V) sakna ord om kommunal ruspolitikk i «kommunal planstrategi for 2014-2016». Knotten la vekt på at han berre fann strategiar for den interkommunale delen og ikkje den kommunale, noko han meiner det er på tide å ta tak i. Ifølgje Knotten er det lenge sidan den delen sist vart endra. Også Steinar Torvik (KrF) hadde innspel på dette temaet, og påpeikte at han berre kunne finne skjenkepolitiske retningsliner og ikkje handlingsplanar for dei som allereie har eit rusproblem.