I går var det ei veke sidan den offisielle opninga av Vikelva-prosjektet vart markert med ein opningsseremoni ved den såkalla «plaskedammen». Dette er eit prosjekt som har teke eit par år å fullføre frå byggjestart til slutten førre veke. Hovudintensjonen med dette prosjektet var å flaumsikre elva, å unngå at Ulsteinvik fekk lide av ein stor flaum.

Det var derfor store ord frå ordførar Jan Berset under opninga.

– 18. juni vil bli ein ny merkedag i Ulsteinvik si utvikling, sa Berset då.

Over ei mil lang

Anlegget strekkjer seg frå øvst i Anholen, under Hovsetvegen, langs Gamlevegen og forsvinn under Bjørndalvegen heilt nede i Ulsteinvik sentrum. Elva er difor om lag 1,1 mil lang, frå topp til botn.

Dette prosjektet er det Ulstein kommune og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som har gått saman om å lage. Med ein kostnad på om lag 24 millionar kroner, der Ulstein kommune har dekt 30 prosent og NVE resten, er det derfor liten tvil om at dette har vore eit relativt omfattande arbeid å ta fatt på.

– Av dei prosjekta som vi er involverte i, så er dette eit av dei aller største, opplyser regionsjef i NVE, Brigt Olav Samdal, til Vikebladet Vestposten.

Miljø- og kulturprosjekt

I tillegg til at flaumsikringa skal syte for at elva no skal tole miljøutfordringar, var også noko av bodskapen frå ordføraren at fleire eigedomar no har fått ei auke i verdi, ettersom dei no er mindre utsett for flaumskadar.

– Desse eigedommane er no sikra betydeleg og verdien har heilt sikkert auka i verdi. Så det er kjekt at vi kan bidra til verdistigning i kommunen, sa også Berset under opninga.

Sjølv om dette i første rekkjer skal ha ein sikringsmessig funksjon, var også mykje av intensjonen bak forbetringa av elveløpet å leggje til rette for ei kulturell oppgradering.

Utanom det nemnde amfiet og plaskedammen nedanfor, har det no også blitt lagt til rette for badekulpar nedover elva.

Ein av pådrivarane bak prosjektet, Odd Kåre Wiik i Ulstein kommune, er også veldig glad over at den gamle «Vige bro» vart bevart slik som det stod.

Sjå bileteserie av Vikelva, frå botnen til toppen, øvst i saka.