Statens vegvesen har svart på henvendelsen frå Ulstein kommune om utbetring av Garneskrysset. I brevet frå Statens vegvesen skriv dei følgjande: "Vi har registrert rundkjøring i Garneskrysset som eit av dei prosjekta som er prioritert høgast av Ulstein kommune. Det er førebels uklart om dette prosjektet vil bli prioritert i handlingsplanen i Nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2010 – 2013 (2019). Før dette er nærare avklart vil det ikkje bli sett av pengar til å utarbeide reguleringsplan i våre budsjett. Vi er einige i at ein reguleringsplan må ta med busslommer, eventuelt "bussknutepunkt", og gangvegar forbi kryssområdet. Omlegging/utbetring av nokre avkjørsler bør truleg også vurderast. For å få god avbøying, og fartsdemping, gjennom rundkjøringa bør denne leggjast med sentrum på midten av gjennomgåande vegen som no har forkjørsrett." Reaksjonar Vikebladet Vestposten prøvde i går å kome i kontakt med Ulsteinordførar Hannelore Måseide for å få ein kommentar på brevet frå Vegvesenet. Dessverre lukkast vi ikkje å få tak henne før avisa gjekk i trykken. På nettsaka har det kome to kommentarar: "Kanskje forsikringsselskapa kan sponse rundkjøringa? Dei har sikkert alt betalt ut meir etter alle skadane som har oppstått i krysset enn kva ei rundkjøring vil koste. Det ville vere god samfunnsøkonomi." Ein annan av lesarane føreslår tre enkle grep:"1. Set ned fartsgrensa til 60 forbi krysset. 2. Lag forbikøyringsfelt for dei som skal til Ulsteinvik, slik at dei slepp å stoppe for bilar som ventar på å køyre mot Dragsundbrua.(Utvid køyrebana oppover i bakken.) 3. Bilførarane lærer trafikkreglane, og køyrer deretter."
Nyhende →
Ingen garanti for utbetring av Garneskrysset
Statens vegvesen kan ikkje garantere at Garneskrysset vert prioritert i handlingsplanen i NTP for perioden 2010-2013.