Ulstein kommune gjekk med eit rekneskapsmessig overskot på 3 785 350 kroner. Økonomileiaren og rådmannen føreslår å nytte pengane til manglande finansiering av eigenkapitalinnskot KLP, manglande finansiering av avdrag knytt til formidlingslån og til driftsfondet. Eigenkapitalinnskotet i KLP er aksjar som kommunen ikkje kan finansiere med låneopptak. Avdrag knytt til formidlingslån skal etter kommunelova førast i investeringsrekneskapen. Kostnaden kan ikkje finansierast med nytt låneopptak. Dei rår difor til at litt over 8,5 millionar av pengane blir nytta til dei to prosjekta. Saka blir lagt fram for formannskapet tysdag 2. juni.
Nyhende →
Ulstein kommune gjekk med overskot
Kommunerekneskapen for 2008 syner eit overskot på nesten 3,8 millionar.