I 5-tida i natt vart ein person i starten av 20-åra funne medvitslaus etter ei ulukke på eit anleggsområde i Fosnavåg.

Personen har truleg falt ca. 4-5 meter og vart frakta til Ålesund sjukehus.

Ifølgje Sunnmørsposten hadde personen teke ein snarveg gjennom anleggsområdet der det nye hotellet i Fosnavåg blir bygt.

Kor alvorlege skader personen pådrog seg er førebels ukjent.