Det er kome inn forslag på 9 kandidatar.

1. Sørøyane Røde Kors:  stiller villig opp med sanitetsvakter på arrangement, er med på leiteaksjonar, heldr  førstehjelpskurs og har eit nært og godt samarbeid med natteravnane.

2. Sjukheimsforeninga:    Foreininga blei starta for å vedlikehalde dei eldres vanar frå eit langt liv i deltaking i ulike foreiningar, og det var kanskje ein av dei viktigaste sosiale samankomstane dei eldre hadde. I 33 år har det ein gong i månaden blitt dekket med fin serivse til over 100 personar på Alvehaugen, gode snitter og kremkaker kjem på bordet, og alt nytes til eit variert kulturelt innslag.. Sjukheimsforeninger legg også tilrette for den årlege basaren og julemøte.

3. N.M.S Gjenbruk:   45 pensjonistar arbeider frivillig ved gjenbrukbutikken, 2 skift kvar dag. Desse frivillige kjem frå alle bygdelag i kommuna vår. Butikken har blitt ein sosial møteplass. Motto: Trivsel med brukt.

4. Sonja Kaldhol: er foreslått til frivilligprisen for sitt sterke og brennande engasjement for innvandrarane i kommunen vår. Ho hjelper til med smått og stort i ein kvardag som  for mange innvardrara som kan vere både tung og vanskeleg. Ikkje alltid lett å komme til eit nytt land og lære seg både nytt språk og kultur.

5. Ann Helen Karlsen: Starta Stiletten danseklubb i 2008 og har ca 280 medlemmar frå 4 år og opp til godt voksen alder. Ho har dansa på det meste 10 timar kvar veke, ved sidan av full jobb, og så kjem all plannlegging i tilegg.

6. Reidun Thorkildson: har sidan ho blei pensjonist for 10 år sidan brukt mykje av tida si til å besøke eldre både på Ulshaugen og sjukeheimen. Ho følgjer dei til lege og sjukhus og handlar for dei.

7. Linda Nygård og trekkspelklubben: Linda starta opp i 2007 med Ulstein trekkspelorkester. Dette var samansatt med elevar frå kulturskulen. I 2009 vart dette omdanna til Ulstein trekkspelklubb, og det besto av unge og eldre trekkspelentusiastar. Linda har klart å skape eit stort og engasjert trekkspelmiljø i kommunen vår og dei har mange kulturelle oppdrag gjennom året.

8. Hanne Notøy:  Har i mange år vært ”mor natteravn” for bygdas ungdom. Hanne stiller opp, og får med seg andre natteravner mang ein kveld og natt gjennom heile året, og ungdomane synst det er særs betryggande at natteravnane er på plass.

9. Anna Skeide: har i meir enn 25 år vore hørselhjelpar i kommuna. Ho driv med likemannsarbeid, mang ein mann og kvinne har fått hjelp av Anna når høreapperatet ikkje verkar. Og det er ikkje berre i Ulstein, men også Herøy, Sande og Hareid besøker ho om det er nokon som trenger hjelp.

Ein kan stemme på kandidatane fram til og med 2. desmber 2012.

E-post : inger.dimmen@ulstein.kommune.no

SMS til : 98 23 06 13

Eller levere inn skrifleg på Skollebakken Aktivitetshus eller Service torget på Rådhuset

Både Sørøyane Røde Kors og Hanne Notøy er nominert.
Sjukeheimsforeininga er nominert (arkivfoto).
Ann Helen Karlsen (i midten) er nominert.