Kjetil kjem frå Norvern AS i Ålesund der han i dag er salssjef for RadonBLOK produkta.

Kjetil Knotten kjem opphavleg frå Gursken og kjenner godt til bedrifta og produkta etter tidligare å ha jobba 3 år i produksjonen. Etter fullført utdanning innan økonomi og marknadsføring, har han skaffa seg verdfull erfaring frå sal, leiing og administrasjon, mellom anna 3 år som dagleg leiar for 20 tilsette på Statoil Moa.

Kjetil Knotten tek til i stillinga 1. oktober, og vil bruke tida fram til då med å gjere seg godt kjend med drifta, dei tilsette og marknaden.

Styret er nøgd med at ein har klart å få på plass ein dugande erstattar etter at noverande dagleg leiar Harald Sætre sa opp stillinga si tidlegare i sommar. Harald har saman med broren Trygve Sætre gjort ein stor innsats for å utvikle både nye produkt og marknader, samt fått etablert ein topp moderne sementvarefabrikk med høg grad av automatisering.  Denne satsinga har gitt ei stabil og aukande omsetning med sunn avkasting, og har såleis skapt ei solid plattform for vidare økonomisk utvikling og trygge arbeidsplassar.

Generasjonsskifte i styret

Eit nytt styre har no teke over leiinga av Breivik Kalkverk AS. Medlemmene representerer dei ulike greinene av Dyrhol-familien og sikrar dermed kontinuitet og vidare utvikling av den tradisjonsrike bedrifta som har vore i Dyrhol-familien sitt eige sidan 1936.

Avtroppande styreleiar Arne Dyrhol, som har sete ved roret sidan 1991, er svært nøgd med at ansvaret for vidare utvikling no er overlate til neste generasjon, og ser fram til ein rolegare pensjonisttilvære.

Medlemmene i det nye styret er Jan Kjetil Paulsen (styreleiar), Desiree Dyrhol Grønnevik, Vebjørn Riise, Sturla Ellingvåg og Oskar Stig Rekdal.