- Deter nokre få område som får ny hentedag frå 1. januar 2013. Årsaka til endringaer at vi ønskjer å gjere innhentinga av avfall endå meir effektiv, seierøkonomi- og kommunikasjonsleiar iSSR, Gunhild Solberg.

IUlstein kommune får Halseneset, strekninga Osneset til Shell (Osnesvegen52-109) no henting på onsdagar i staden for torsdagar. Saunesmarka, øvre ognedre Saunes (frå Strandkrysset til Sauneselva ved Amfi) og Varleite fårhenting av avfallet på fredagar i staden for torsdagar.

I Herøy får Sandvika ogMoltustranda ny hentedag. Her blir det henting på fredagar i staden foronsdagar frå 1. januar 2013.

- Vi beklagareventuelle utfordringar endringane gir abonnentane våre, melder SSR.

Sender ut kjeldesorteringskalender

SSR melder vidare at kjeldesorteringskalenderen 2013 kjem i posten til alle husstandane iUlstein, Hareid, Sande og Herøy neste veke, seier Solberg vidare.

- Vår oppmoding er å ta ein ekstra titt iposten neste veke og henge opp kalenderen slik at du lett kan følgje med på kvafor ein dag avfallet ditt vert henta, seier Solberg.

Startar heimekompostering

- SSR vil frå 1. januar 2013 tilby heimekomposteringtil alle våre abonnentar. Ordninga er frivillig, og dei som vel å vere med pådette får eit fråtrekk på renovasjonsgebyret på kr. 500,- pr. år. Det er fleiresom har etterspurt ordninga og vi vonar at dette blir ei god ordning for deisom ønskjer å gjenvinne det organiske avfallet til god matjord, seier Solberg.

I mars/april blir det arrangert eit kurs i kompostering for dei som ønskjer åvere med i ordninga.

Alle som ønskjer å vere med i ordninga må ha ein godkjentkompostbinge. Vi arbeidar med å få klar ei liste med godkjente behaldarar,lista finn du på våre nettsider reinhaldsverket.no når den er klar. Alle somvil vere med i ordninga må signere ei avtale med SSR.