Som eit ledd i markeringa av grunnlovsjubileet var dei eldste barna i Bigset barnehage tysdag på vitjing til ordførar Anders Riise på Hareid rådhus.

- Dei har høyrt om historiarundt då grunnloven vart til, historia har også vore dramatisert avbarna med Napoleonskrig og Riksråd. Vi har snakka om Erna Solberg, Kongenog Anders Riise og at dei bestemmer viktige ting i landet vårt og i Hareid, ogat dei har hjelp av fleire andre. Men vi har også snakka om kva barn kanbestemme og at det er viktig at alle blir høyrt og er i gong med å lage eigen"Grunnlov", seier Mari Råket Moholt.

Sjokoladebitar

Først fekk ungane kome ein tur inn på ordføraren sitt kontor, der Riise fortalde litt om kva ein ordførar eigentleg gjer. Han tok også føre seg Hareid kommune sitt kommunevåpen, og ordførarkjeda.

– Kvar ordførar får namnet sitt på ein slik «lapp» når han er ferdig, fortalde Riise.

– Det liknar på sjokoladebitar, meinte ein av barnehageungane om lenkene i kjeda, medan ein annan lurte på kven som får vere ordførar neste gong.

Sang inn møtet

I kommunestyresalen fekk Hareid mellombels eit nytt og noko ungt kommunestyre, som fekk halde open spørjetime med ordføraren.

Først vart det som tradisjonen er i Hareid stemt i med ein song, og då passa det godt at barnehagen på Bigset hadde trent på «Det går eit festtog gjennom landet», som er skrive til Grunnlovsjubileet.

Så var det dei unge kommunestyrerepresentantane sin tur, og barna frå Bigset barnehage gjekk fint fram til talarstolen for å stille spørsmål til ordføraren.

– Kvifor er det kjeks her nede? var det ein som ville vite.

– Det er fordi under lange møte, må vi ha ei lita pause og få oss litt mat. I dag har vi eit kort møte, så då kan vi spare kjeksa til slutt, forklarte Riise.

I tillegg til å stille spørsmål til Anders Riise, fekk Bigset-gjengen og vere med på å gjere to vedtak. Først vart krav om is i barnehagen vedteke mot to stemmer, før ordføraren si tilråding om fjerning av strekteikningane på rådhus fall mot ei stemme.

– Eg er veldig imponert over disiplinen til ungane sjølv om dei forsvann litt bak talarstolen, men det vart overraskande resultat i avstemminga, fortalde Riise.