Velferd, Oppvekst og Kommunalteknisk drift i Hareid, har samla fått innvilga omlag 0,5 mill. kr til opplæring av eigne tilsette.

Midlane er innvilga av VOX, som er Utdanningsdeptementet sitt fagorgan for vaksenopplæring. Det vil gjere at mange arbeidstakarar i kommunen som treng opplæring, vil få tilbod om datakurs, med bruk av e-post, søking på nett, kunnskap om Word og Excel, og elles om oppgåver knytt til arbeidsplassen og privatlivet.

Opplæringsprosjektet har som mål å styrke tilsette sin kompetanse i høve til jobb og arbeidsmarknad, og vidare hindre at nokon føler seg «ekskludert» p.g.a. manglande basiskunnskap.

Kursa blir mest muleg tilpassa arbeidssituasjonen for gruppa.

Dette skal mellom anna gjerast ved å legge undervisninga nær opp til det som er relevant for arbeidsplassen.

Sektorane vil såleis vere delte i kvar sine grupper, slik at det blir tre parallelle kurs. Det blir ei samling på ettermiddagstid pr. veke gjennom heile året.

Kommunen har bede Ressurssenteret førebu opplæringa med tanke på start i august, september i år.