Difor er oppmodinga klar. Ulsteinordførar Jan Berset fortel til Vikebladet Vestposten at det kan ligge ein del farar å lure langs vegane, sjølv om bilførarane opplever at vêret er mildt og at vegen er tørr.
Kolonnekøyring
– Mange vel å køyre bil anten åleine eller med familien. Og på denne tida av året er det ekstra vanskeleg å køyre. Difor oppmodar eg alle bilførarar om å køyre ekstremt varsamt. Vi har ingen å miste, verken i Ulstein eller regionen elles, slår ordføraren fast.
Dagane før cupfinalen i Oslo trur han trafikkflyten nedover dalane går greitt, sidan dei reiser på ulike tidspunkt. Men på veg opp att spår han kolonnekøyring.
– Det er seld over 6000 billettar. Så her vert ikkje mykje folk att i regionen. Difor trur eg det vert kolonnekøyring på veg heim etter kampslutt, fortel Berset.
Berset ynskjer difor alle reisande hell og lukke med turen til og frå Oslo.
Ingen ekstrabåt for cupfinalereisande
Flygande ordførar
Berset fortel at han først hadde tenkt å køyre bil. Men sidan han har ein full kalender vel han å ta flyet.
– Eg tek flyet både til og frå Oslo. Heim att tek eg same fly som Hødd. For min del er det er viktig å kome seg heim til festen på Sjøborg. Skulle eg køyrd, hadde eg nok blitt pressa på tid, avsluttar Berset.
– Vêret spelar på vår side
Også sportssjef André Nevstad i IL Hødd fryktar for tryggleiken til bilførarane.
– Heldigvis ser det ut som at vêret spelar på vår side. Men likevel er det veldig viktig at folk som ferdast med bil tek det med ro og at det ikkje skjer ting langs vegen, fortel Nevstad.
Han legg til at dei har eit samarbeid med Trygg Trafikk, kor dei ynskjer å oppmode trafikantane om å ta seg god tid, og ikkje setje verken seg sjølv eller andre i fare.
Kolonne på Strynefjell
Nevstad oppmodar også bilførarane om å vere merksam på kolonnekøyringa gjennom Strynefjellstunnelen, og sjekke opp vegvesenet sine nettsider etter trafikkmeldingar eller liknande.