Kvar dag vert mobiltelefonar, nettbrett, smykke og pengar borte frå skular og læringsstader
– La verdisaken bli att heime, er rådet frå skadeoppgjerskonsulent i Tryg Forsikring, Roy Strøm Vetaas.
Han fortel at dei får hyppige meldingar om tap av mobilar og andre verdisaker frå ungdom.
Mobiltelefonar populært hos tjuvar
– Tap av mobiltelefonar på skulane er svært veldig vanleg. Difor rår vi alle skuleelevar til å la verdisakene sine vere att heime. Nettbrett, pcar, mobilar og smykke er lett å omsetje, og er difor svært attraktive for tjuvane, seierVetaas.
Han forstår at det er vanskelig for ein tenåring å legge att mobiltelefonen sin heime.
– Men det hjelper om du har verdisakene med deg heile tida! Unngå at dei blir liggande i garderoben eller klasseromet utan tilsyn. Ta vare på tinga dine, oppmodar Roy Strøm Vetaas.
– I dag har mange skuler låsbare skap for elevane, bruk skapa!
Eige ansvar
Steling på skulane er ikkje noko nytt fenomen.
– Men lysta til å stele har gjerne auka i takt med alle dei nye og dyre mobiltelefonane som fleire og fleire har, samstundes som mobilbrukarne vert yngre og yngre, trur Vetaas.
Han oppmodar til å ta vare på kvitteringar og mobilen sitt registreringsnummer (IMEI) slik at telefonene lettere kan sporast.
Blir du tatt for tyveri, kjem det på rullebladet og kan gi alvorlege konsekvensar seinare i livet. Alvorlege saker vert meldt til politiet.