Det nye rekrutteringsselskapet, RQM365 AS, har base i Ulsteinvik, og skal drive rekruttering, kvalifisering og bemanning for oljeindustrien, spesielt retta mot plattform.
Mange betydelege funn og høg aktivitet på norsk sokkel gir store utfordringar i åra som kjem med å finne nok folk til å gjere jobben på norsk sokkel.
I dag er det om lag 7500 tilsette på dei 31 riggane som opererer i Noreg. I 2015 stig talet på riggar til om lag 50. Det betyr ein auke på 4500 riggarbeidarar i ein allereie pressa arbeidsmarknad.
RQM365 AS tek på av seg til å vere med å rekruttere mykje av arbeidskrafta, også frå utlandet. Det spesielle med tenestene selskapet yter er at arbeidssøkjaren sjølv melder seg for å få følgt opp med kurs fram til å innfri kvalifikasjonane til ein konkret jobb på plattform.
Det er betydeleg bekymring for at lønsnivået kan kome ut av kontroll grunna at kampen om arbeidskrafta vert hard. Styremaktene er urolege for at det høge aktivitetsnivået også kan påverke tryggleiken i petroleumsverksemda.
- For å oppretthalde tryggleiksnivået er det heilt avgjerande at næringa sørgjer for å ha god nok kapasitet og kompetanse. RQM365 AS skal vere sterkt delaktig i å supplere kvalifisert arbeidskraft til næringa i åra framover, seier Ole Petter Fjørtoft som er ein av personane bak selskapet. Han har mange års røynsle frå bansen.
Bedrifta er i gang med å skrive avtalar med fleire aktørar på norsk sokkel om opplæring på ulike stader i Noreg og ved si eiga kursavdeling i Ulsteinvik.