Prosessen har vorelang, men fredag kunne Island Offshore døype deira første oljerigg. Kunden kanstå bak det største oljefunnet på norsk sokkel på 40 år.

- Lundin er ei av dei største suksesshistoriene ioljebransjen. Dette betyr enormt mykje.Slik skildrar Morten Ulstein, styremedlem i MarineAccurate Well ASA (Maracc), opplevinga av å kunne levere oljeriggen”Island Innovator” til det svenske multinasjonale oljeselskapet.

Det er rederiet Island Offshore som står som hovudaksjonær,medan Maracc, ei undergrein av selskapet, skal drive prosjektet. LundinPetroleum er kunden som har bestilt oljeriggen.

I solfylte omgjevnader var representantar frå alle deiinvolverte i prosjektet, samla på Hanøytangen i Askøy utanfor Bergen. Som for åsymbolisere at ein var i vestlandets hovudstad innleiia eit buekorps sjølvedåpsseremonien, champagnen stod på bordet og alle dei lokale som hadde teketuren fekk ei flott oppleving.  DåpmorVirginia Haugen Lundi trengde to forsøk på å døype riggen, men då flaska knustekunne alle dei frammøtte smile.Morten Ulstein fortel at bygginga av oljeriggen - eit pionerprosjektet forIsland Offshore – vil gi arbeid i lang tid framover.

- Ein fantastisk sjanse

Kontrakta med Lundin vil generere store summar, kring500 000 dollar per dag, og sysselsette over 300 menn, opplyser han.

Maracc har i første omgang ei kontrakt med Lundin Petroleumpå 12 oljebrønnar på Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen. Men Ulstein opplyser atdei også har oppsjon på ytterleggare 12 brønnar med  oljeselskapet.

- Dette er ein fantasisk sjanse til å vere med på åvidareutvikle dette oljefeltet. Vi håpar å kunne finne tilleggsressursar somkan sørge for at drifta her vil halde på i mange år framover.