Laurdag 11.mai er det seremoni for 27 humanistiske konfirmantari Ørsta kulturhus. Dette er eit rekordhøgt tal på Søre Sunnmøre.

Årets talar er Åse Kleveland, godt kjend etter lang fartstid inorsk kulturliv. Dei siste 6 åra har ho vore styreleiar i Human-Etisk forbund.Talen i Ørsta vert eit av hennar siste oppdrag som styreleiar. Til sommaren gårho av.

- Vi er svært glad for at Kleveland kjem hit for å halde tale,seier konfirmasjonsansvarleg i Human-Etisk forbund lokalt, Lisbeth HoggenTotland. - Seremonien er flott og høgtidleg frå før, og med Kleveland som talervert det i år enda meir stas.

Dei 27 konfirmantane har sidan nyttår delteke påkonfirmasjonskur i regi av Human-Etisk forbund. På kurset har målet vore å lærekonfirmantane å reflektere rundt viktige spørsmål som t.d. personlege valg ilivet, kritisk tenkning, menneskerettar og solidaritet, valg og grenser i høverus og seksualitet med meir. Kurset var avslutta med overnattingstur tilYksnøya i samarbeid med studentar ved Høgskulen i Volda.

- For oss i Human-Etisk forbund er det viktig at humanistiskkonfirmasjon skal vere eit godt alternativ ungdomane kan velge når det er rettfor dei, seier Totland. - Vi er glad for at ungdomen på Søre Sunnmøre har dettevalget.