17 gutar og jenter stod til konfirmasjon i Ulstein kyrje i dag onsdag 1. mai - og dermed er konfirmasjonstida her for fullt.

Laurdag og søndag er det klart for ytterlegare fire konfirmasjonsgudstenester i Ulstein - og det er første gongen at det blir halde så mange som fem slike gudstenester under konfiormasjonen.

Klokkar Inge Kaldhol forklarer det med store konfirmantkull - og desse er venta å vere endå større i åra som kjem.

I Hareid blir det halde tre konfirmasjonsgudstenester i år - to  laurdag 11. mai og ein søndag 12. mai.