Trass i at to representantar kom med forslag der Sunnmøre Golfklubb vart haldne utanfor kulturmiddelpotten i Hareid i år, fekk klubben likevel dei 10.000 kronene som rådmannen tilrådde.

I levekårsutvalet sitt møte 3. juni ville Øyvind Grimstad (FrP) gi dei 10.000 kronene til Bigset kulturoase, medan Marit Øien Sæverud (KrF) ville fordele dei 10.000 kronene på dei tre skulekorpsa i kommunen.

Saka var oppe også i førre møte, men vedtaket den gongen vart kjent ugyldig på grunn av for få røysteføre.

I det underkjente vedtaket fekk ikkje golfklubben midlar.

Ved avrøystinga i levekårsutvalet 3. juni vart det fleirtal 4-3 for desse tildelingane:

Sunnmøre Golfklubb kr 10.000

Bigset kulturoase kr 10.000

Hareid Ride- og Køyreklubb kr 10.000

The Five Beats kr 10.000

Hareid kunstlag kr 10.000

Snipsøyrdalen Grendalag kr 10.000

Hareid Idrettslag kr 5.000

Hareid Sanitetslag kr 10.000