Herøy kommune tilbyr gratis ved til den som tek på seg å rydde eit område i Myrabakken på Moltu. I samband med planlegging av eit nytt byggefelt skal kommunen setje ut stikker som syner ein planlagd vegtrasé, tomtegrenser og så bortetter, og då må området ryddast.

Den som tek på seg ryddejobben får overta veden vederlagsfritt, men arealet må vere rydda innan 17. november. Dette inneber også at greiner og lauv må vere bortkøyrt frå området innan den tid. Skogen det dreier seg om er i hovudsak lauvskog.

Kommunen opplyser på nettsidene sine at det er "først til mølla"-prinsippet som gjeld. Seinaste frist for å melde si interesse er 15. oktober. noko ein kan gjere ved å sende ei skriftleg melding med namn og telefonnummer til Herøy kommune. Dersom fleire melder seg, vert vedhogsten tildelt via loddtrekning eller eventuelt delt på fleire.