Sunnmøre politidistrikt delte laurdag kveld ut fleire gebyr på grunn av ulovleg køyring med moped. To mopedar køyrte rundt med to personar på kvar, og begge førarane fekk difor gebyr for å ha på passasjer.

- Den eine hadde heller ikkje førarkort og blir meldt for det, seier Arild Reite ved Sunnmøre politidistrikt.

I tillegg får også ein av passasjerane gebyr, ifølgje politiet fordi personen ikkje brukte hjelm.

Natt til søndag måtte politiet til Herøy for å plukke opp ein mann som hadde laga bråk og kome med trugsmål i ein bustad i kommunen. Mannen får oppretta sak mot seg etter hendinga.