Rundt klokka 17.00 i kveld brasa to bilar saman på fylkesveg 61 i Hareid. Ulykka skjedde like ved innkøyrsla til Hareid ungdomsskule.

Det var to bilar involvert i ulykka, ein passasjerbil og ein krokbil med container på lasteplanet.

Politibetjent Reidar Kulø opplyser at kollisjonen skjedde då passasjerbilen, som kom i retning frå Hareid, kom over i feil køyrebane og kolliderte med krokbilen.

i begge bilane var det berre ein person.

Føraren av passasjerbilen vart sendt til legevakta i ambulanse, men skal ikkje vere alvorleg skadd.

Politiet vil etterforske hendinga vidare, men det er ikkje mistanke om promillekøyring.