Vanylven kommune har teke kontakt med Sande kommune for å høyre om dei skal drøfte å slå seg saman, melder Vestlandsnytt.

Sandssokningane vil gjerne snakke med vanylvingane. Sandeordførar Dag Vaagen skal på sist møte i Sande formannskap ha uttalt at han trur at Vanylven og Sande blir for smått, men dei bør vere opne for samarbeid i fleire retningar og vil gjerne snakke med Vanylven i første omgang.

Vaagen skal i lag med Vanylven-ordføraren finne ein dato for eit felles formannskapsmøte for dei to kommunane.

Vanylven har også fått innbeding frå ordføraren i Vågsøy til å vere med på eit sonderingsmøte med kommunar på sørsida av fylkesgrensa.